|
ITF-trykk 10/1998 Institutt for tekniske fag |
|
Branntekniske tiltak i driftsbygninger i
landbruket UTDRAG |
![]() |
|
Forord
|
|
|
|
Forord
Institutt for tekniske fag har på oppdrag frå Statens bygningstekniske etat, Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn og Direktoratet for brann og eksplosjonsvern gått gjennom tilgjengelege data for tap av dyreliv i brann dei seinare år, og sett på kva lovar og reglar som gjeld for sikring av husdyrrom mot brann.
Med i ei styringsgruppe for arbeidet har vore
Stein Fiskum,Statens dyrehelsetilsyn
Wiran R. Bjørkmann, Statens bygningstekniske etat
André Korsaksel, Statens bygningstekniske etat
Finn Mørch Andersen, Direktoratet for brann og eksplosjonsvern
Merete Kühle-Hansen, Norges Bondelag
Dag Frode Fridheim, Statens Landbrukstilsyn.
Alle har vore med og kome med sine konstruktive innspel undervegs. Konklusjonane står likevel underteikna ansvarleg for. Vidare har Bente Hansen frå Institutt for tekniske fag vore til stor hjelp i samband med innsamling av data og skriving av rapporten.
Aktuelle tiltak som kan avgrense tap av dyreliv i samband med brann i husdyrbygg vert drøfta og det vert til slutt gjeve nokre tilrådingar for vidare arbeid med emnet.
Arbeidet må sjåast på som eit innlegg i ein debatt om emnet branntryggleik i landbruket.
Ås den 15. mai 1998
Gustav Tengesdal
Samandrag
Rapporten oppsummerer data for registrerte tap av husdyr i brann dei seinare år. Det er registert ein liten nedgang i tap av dyr dei siste fem åra samanlikna med tidlegare periodar, men det er uvisst om dette skuldast manglande rapportering av tapte dyr til DBE, eller om det fakstisk skuldast at færre dyr har gått tapt. Året 1997 hadde vesentleg større tap enn dei føregåande åra.
Tap av husdyr i brann utgjer mindre enn ein prosent av alle andre ymse naturlege årsaker til tap av husdyr.
Det er registrert omlag 50 000 driftseiningar med husdyr i landet vårt. 10-15% av desse står for omlag halvparten av den totale produksjonen. Skal ein setje i verk tiltak for å redusera talet på tapte dyr i brann bør ein konsentrera seg om dei ca 6000 største driftseiningane som står for over halvparten av talet på tapte dyr i brann.
Når det gjeld storfe står dei største driftseiningane, dei med 20 kyr eller meir, for omlag 60% av talet på tapte dyr sjølv om denne gruppa kun utgjer ca 25% av det samla talet på storfe i landet. Nå er det eit lite tal brannar som her gjer stort utslag på statstikken så ein skal vera varsam med å trekkja for sikre konklusjonar. For gris er det t.d. ikkje noko slikt klart mønster.
Det er uvisst i kva grad husdyr er medvitne om at røyk er farleg og det er difor vanskeleg å sei sikkert korleis dei reagerer eller lid når røyk kjem inn i rommet og tek livet av dei ved brann.
Det er eit mangfald av årsaker til at brannar oppstår, men typisk er at dei aller fleste (80-95%) startar utanfor sjølve husdyrrommet.
Landbruksbrannar som ikkje vert oppdaga og slokka dei aller første minutta vil ofte utvikla seg svært raskt og det er sjeldan brannvesenet klarer å slokka når dei kjem fram. I dei aller fleste tilfella vil det vera røyk som kjem inn i husdyrrommet som vil vera årsak til at dyra kreperer.
Plan og bygningsloven med forskrifter (TEK 97) stiller krav til at husdyrrom skal utførast som eiga branncelle og det er krav til rømmingsveg. Loven er ikkje tilbakevirkande og kan difor ikkje brukast til å stille krav til eksisterande bygg.
Lov om dyrevern med forskrift om hold av storfe og svin stiller krav til at det skal vera slokkereiskap i alle bygg med husdyr. Vidare skal innreiing vera slik at rask evakuering kan gjerast, og det er krav til at ventilasjonsanlegget ikkje skal spre branngassar. Denne lova kan brukast til å stilla krav til eksisterande bygg.
Lov om brannvern og lov om tilsyn med elektriske anlegg stiller og relevante krav til trygging av landbruksbygg, men utgangspunktet er at det er eigar som har ansvaret for at alt er i orden.
Det vert diskutert ulike tiltak for å hindre at brann oppstår. Saman med holdningsskapande arbeid er overspenningsvern eit svært enkelt og kostnadseffektivt tiltak.
Brannvarslingsanlegg vil gje tidleg varsling av brann. Ein føresetnad for at dette skal tena til noko er at det er eigna slokkereiskap på plass og at det er folk tilstades som kan bruka dette. Vidare er det viktig at husdyrrommet er sikra mot tidleg inntrenging av røyk og at evakuering av husdyra kan gjerast greit.
Ved bruk av akryl eller PVC lysplater i tak på overbygg eller sidebygning vil desse kunna fungere som røkventilasjon i tilfelle brann då dei smelter tidleg. Såleis kan ein unngå at det vert overtrykk som trykker røyken inn i husdyrrommet, og ein kan og unngå at brannen utviklar seg så "eksplosjonsarta" som det elles ofte skjer.
Husdyra våre har frå fire til femti gonger så stor risiko for å omkomme i brann som oss menneske dersom vi ser på talet på omkomne i høve til storleiken på populasjonen.
Ser vi derimot på omkomne i brann i høve til talet på fødte av menneske og dyr finn vi at menneske har meir enn dobbelt så stor risiko for å omkomme i brann i løpet av livet som det husdyra våre har.
Informasjon og holdningsskapande arbeid vert vurdert som det mest kostnadseffektive tiltaket dersom ein reknar på kostnad pr. spart dyreliv. Elles vil sikring av husdyrrommet mot tidleg inntrenging av røyk både redusera faren for tap av liv og vera ein føresetnad for at varslings-anlegg skal ha nok for seg. Varslingsanlegg vert vurdert til å kunna redusera faren for tap av dyreliv med mellom 25 og 50%, men kostnaden pr. redda dyreliv vert frå 50 til 500 gonger verdien på dyret. Redusert forsikringspremie vil derimot kunne betale for varslingsanlegget.
1.0 Innleiing
Landbruksbrannar der dyreliv går tapt er tragediar som gjer sterkt inntrykk på dei som opplever det. Tanken på korleis dyra, innestengde i sine bingar og båsar, kan ha opplevd brannen fyller oss med uhygge. Slike brannar ser og ut til å vera dramatisk og interessant stoff for presse og kringkasting. Mange har klare synspunkt på at det vert gjort for lite for å hindra at slike tragediar kan skje. Dyrevernarar har m.a. med utgangspunkt i ein slik tankegang i fleire tilfelle meldt til politiet bønder som har hatt brann der husdyr har gått tapt. Dei meiner det bør innførast krav om brannalarm for å betra tryggleiken for dyra. Dette er eit krav det er lett å ha forståing for, men nå er jo brannalarm berre eit av fleire mogelege tiltak for betra tryggleik som vi kjem attende til litt seinare.
Forsikringsselskapa har sine reknestykke der dei kalkulerer risiko, premie og skadeserstatning. Husdyra som går tapt i ein brann er og med i slike reknestykke, men det er ut frå ei vurdering av at eit dyr på ein måte har ein større verdi enn gjenkjøpsverdien i kroner og øre at vi som samfunn stiller særskilte krav til sikring av husdyrrom og handsaming av husdyr. Dei er våre medskapningar og vi har, når vi vil ha dei som husdyr, eit ansvar for at dei "ikkje må lida i utrengsmål" slik det er formulert i dyrevernlova.
Nå er dette eit stort saksfelt med ei rekkje faktorar som verkar inn. Det finst omlag femti tusen gardsbruk med husdyr i landet vårt og dei er alle ulike. Mange faktorar verkar inn på kor trygge dyra er på det einskilde bruk.
Ved Norges Landbrukshøgskole er det gjort to litt større undersøkingar dei seinare år på landbruksbrannar. Den eine vart gjort av Kjell Martin Sørby i 1984 med tittel :"Branner i landbrukets driftsbygninger i Norge, en analyse av branner i perioden 1977-1981". Eit samandrag frå rapporten til Sørby er med som vedlegg. Den andre var ei hovudoppgåve av Bård Norman Andersen i 1992 med tittel: "Brann i husdyrbygninger". Andersen granska femårsperioden 1987-1991 og såg spesielt på tap av husdyr. Samandraget er teke med som vedlegg.
Ved Direktoratet for brann og eksplosjonsvern vart det for eit år sidan gjennomført eit forprosjekt med tittel : Brannsikring av husdyrrom, av Anders Arnhus.
Denne utgreiinga som her ligg føre bygger på desse arbeida saman med ein del nyare data.
2.0 Status, tap av dyr
2.1 Tap av husdyr i brann
Direktoratet for brann og eksplosjonvern (DBE) får inn rapportar frå alle brannvesen i landet når dei har hatt utrykkningar i samband med brann.
Av ulike grunnar ser det ikkje ut til at alle branntilfelle vert registrert hjå DBE, og det ser heller ikkje ut til å vera klare rutinar for kva som skal registrerast i desse rapportane når det gjeld tap av dyreliv. I nokre rapportar står det kanskje at alle dyra brann inne, utan at tal er nemt. I andre står det kanskje talet på dyr som brann inne, men ikkje kor mange som evt. vart redda ut.
Frå ulike kjelder har vi i vedlegg 1.1. og i tabell 2.1.1 samanstilt data for registrerte tap av husdyr i brannar i landet vårt sidan 1963. Materialet er ikkje heilt fullstendig i den forstand at det manglar data for nokre år, og det er uråd å seie sikkert kor mange dyr som eventuelt har gått tapt i brann i tillegg til dei som her er registrert. Det er likevel liten grunn til å tvile på at datamaterialet gjev oss eit ganske godt bilete av størrelsesorden på problemet vi har føre oss.
Heilt frå tidleg på 60 talet til byrjinga på 90 talet var tapet av storfe, småfe og gris ganske jamnt på totalt ca 800 dyr i året. Det er ca 500 gris, ca 200 storfe og ca 100 småfe (sau/geit) pr år, sjølvsagt med litt variasjon frå år til år. 1970 var t.d. eit år med store tap på tilsaman 1268 dyr i denne kategorien, medan 1980 hadde mindre tap med kun 410 tapte dyr.
Tap av fjørfe har gått ned frå over 10 000 pr år på 60- og tidleg på 70-talet til under 5000 pr år dei siste ti åra. I den same perioden har det samla volumet av norsk fjørfeproduksjon (egg og slaktekylling) vorte omtrent dobla.
For dei fem siste åra, tal frå DBE for perioden 1993 -97, ser tapa ut til å gått noko ned, med ca 600 tapte dyr pr år i snitt for denne perioden.
Det er ca 110 tapte storfe i året, mot ca 200 tidlegare. For gris er tapa omtrent som dei har vore tidlegare, ca 500 dyr i året, og for sau er tapa under femti dyr i året mot ca hundre tidlegare.
1997 ser likevel ut til å ha vore eit år med uvanleg store tap. Nationen melde den 29. desember 97 at over 2000 husdyr var gått tapt i brann siste året, fjørfe då ikkje medrekna. (kjelde: Knut Haugen, Gjensidige) Tal frå DBE synte (status pr. 27.02.98) tap på 1644 dyr i 1997.
Dersom vi går ut frå at 2000 dyr er eit meir korrekt tal enn 1644 kan det tyde på at vi ved plusse på ca 20% på tala frå DBE får eit rettare bilete.
Men sjølv om vi reknar med dei store tapa i 97 og plussar på 20% på tala frå DBE for dei resterande åra får vi under 750 tapte dyr pr år i snitt for denne perioden.
Det ser såleis ut til å ha vore ein liten nedgang i tap av dyr i brann dei siste fem åra samanlikna med femårsperioden 87-91, men det kan og vera nokon grad av manglande rapportering.
Tabell 2.1.1
Gjennomsnittstal for registrerte tap av husdyr i brann pr år. for ulike periodar.
1) Kjelde: Norsk Brannvernforening, Tidsskriftet "Mot brann".
2) Kjelde: K.M. Sørby. NLH 1984
3) Kjelde: B.N.Andersen. NLH 1992
4) Kjelde: DBE, v/Anders Arnhus, Hans E. Moholt, Anne Myrestøl.
Figur 2.1.1. Registrerte tap av dyreliv i brann for ein del år. Jfr. vedlegg 1.1.
Tabell 2.1.2
* Slaktekylling er her ikkje medrekna.
Tabell 2.1.3
Antall landbruksbranner, driftsbygninger (unntatt elektriske fenomenskade), registrert av Gjensidige (Data fra Odd Røed) med skadeutbetalinger i mill kr for perioden 92 - 97.
Gjensidige har ca 70% av marknaden, så ved å plusse på ca 40% på desse tala skulle ein få eit visst bilete av totale brannskadar på landbruksbygg.
2.2 Andre årsaker til tap av husdyr
Det er sjølvsagt vanskeleg å vite i kva grad ein skal trekkje inn andre årsaker til tap av husdyr i ein diskusjon om brannsikring av husdyrrom. Det bør likevel ha ein viss interesse dersom vi skal diskutere eventuelle tiltak for betra dyrevelferd i eit litt vidare perspektiv. Det bør vera eit visst samsvar mellom storleiken på eit problem og dei tiltak ein vel å setja i verk for å gjera noko med det.
NILF (Norsk institutt for landbruks-økonomisk forskning) arrangerte i juni 97 eit seminar der tema var "Etisk rekneskap for husdyrbruk". Framlegga er samla i NILF-rapport 1997-4. Eit av innlegga (s. 28) foreslår ein framgangsmåte for eventuelt å kunne samanlikne ulike velferdsfaktorar, eller mangel på velferd. Det er referert frå Willeberg (1991).
Velferdsmessig betydning = Smerte x varighet x utbredelse
Vurdert ut frå denne "formelen" har kanskje ikkje brannar så stor velferdsmessig betydning samanlikna med dei mange andre årsaker til at dyr lid og kreperer.
For storfe vart det av Husdyrkontrollen i 1997 registrert 3557 kalvar som døde i løpet av første døgnet etter kalving. Det vart vidare registrert 8960 tapte storfe av ulike årsaker. Det vert født ca 340 000 kalvar i året så dette tyder på at ca 1% går tapt første døgnet. Den totale storfepopulasjon er på ca 1 mill dyr, så tapsprosenten pr år ligg her og på ca 1.
(Kjelde: Husdyrkontrollen, Norske Meierier, Oddvar Moen)
Når det gjeld gris reknar ein med ca 15% svinn fram til avvenning ca 4 veker gamle. Det kjem til noko over 1,6 mill smågris kvart år så ein må rekna med at noko over tohundretusen smågris går tapt kvart år fram til avvenning. Vidare i slaktegrisproduksjon vert det rekna med eit par prosent svinn fram til slakt ved ca 6 mnd alder og det utgjer omlag tretti tusen dyr pr år.
(Kjelde: prof. Knut Bøe, NLH)
For sau reknar ein med omlag 10% tap av lam fram til slakting som normalt. Det er omlag 1 mill. vinterfora sauer og det kjem til omlag 1,5 mill. lam kvart år. I 1996 var det ca 2,5 mill. sauer og lam på beite. Av desse kom det bort på utmarksbeite ca 130 000 dyr og av desse vart ca 23000 erstatta etter dokumentert rovdyrskade.
Mange dyr går tapt i trafikken der det er bilvegar gjennom beiteområda, men det finst ingen statistikk for dette så dei er medrekna i dei 130 000 bortkomne dyra.
(Kjelde : Norsk sau og geitalslag v/Skurdal)
Både næringa og styresmaktene arbeider på mange måtar for å få redusert desse tapa. I 1997 vart det t.d. løyvd 20 mill. kroner til førebyggande tiltak mot tap pga. rovdyr. Gjennom ulike tiltak som inngjerding av utmarksbeite, auka tilsyn og gjeting og meir bruk av innmarksbeiter prøver ein å få redusert rovdyrtapa. Vidare vart det løyvd 12,5 mill. kroner til organisering av beitebruken og betre samordning av sanking av storfe og sau frå beite.
(Kjelde: Merete Kühle-Hansen, Norges Bondelag)
Formuleringa i lov om dyrevern, der det heiter at "dyr ikkje må lida i utrengsmål" er ei klar markering vi som samfunn har gjort, og vi trur dei aller fleste vil stille seg bak, for å sikra at vi gjer alt som er mogeleg, innanfor rimelege grenser, for at dyra våre skal ha det bra og ikkje lida eller miste livet i utrengsmål.
2.3 Struktur på husdyrproduksjonen
På grunnlag av statistisk materiale , jfr. vedlegg 1.2. - 1.10. kan vi sjå litt på strukturen på norsk husdyrproduksjon.
Ser vi først på storfe ser vi at det i 1994 (Vedlegg 1.4.) var registrert ca 980 tusen storfe totalt og det var registrert 33 tusen driftseiningar med storfe (Vedlegg 1.2). Det vert då i gjennomsnitt ca 30 dyr pr driftseining. Dette inkluderer då både driftseingar med mjølkeku, ammeku og driftseingar som driv kun med oppdrett av oksar. I det statistiske materialet vert storleiken på driftseinga ofte knytt til talet på kyr. I den samanheng fell spesialisert oppaling av oksar utanom. Vidare er det noko varierande kor mykje ungdyr det er i tillegg til vaksne kyr på den einskilde gard. Det er her rekna med at det er dobbelt så mange dyr totalt på bruket som det er tal på registrerte kyr. Ser vi på driftseiningar med 20 kyr eller meir, altså med minst 40 dyr totalt, representerer dette over 20% av storfebuskapen vår samstundes som det er ca 10% av driftseingane (ca 3000 stk).
Dersom det verkeleg er slik at desse store driftseingane er meir utsette for brann, noko som både undersøkinga til Sørby og Normann Andersen tyda på, må det vera mot denne gruppa ein eventuelt må ta til dersom ein skal setja i verk tiltak ut over det forskriftene i dag krev.
For gris er bilete litt annleis. Det er omlag 6500 driftseiningar (Vedlegg 1.2.) med totalt ca 750 tusen gris med stort og smått. (Vedlegg 1.4.). Dette er fordelt med ca 90 tusen på vaksne avlsdyr og 660 tusen på slaktegris. Frå vedlegg 1.3. ser vi at det er ca 4 500 driftseingar med avlsdyr og ca 5700 med slaktegris. Av desse er det ca 2000 som driv rein slaktegrisproduksjon utan eigen smågrisproduksjon.
Ser vi på driftseiningane med avlsdyr ser vi at gruppa med meir enn 30 avlsdyr står for over halvparten av dyretalet samstundes som dei kun utgjer litt over 20 % av driftseiningane (965 stk i 1995). For slaktegrisproduksjon er bilete noko tilsvarande. Dei største produsentane, som leverte 200 slaktesvin eller meir frå 1/8 - 31/12 1995, står for 45% av produksjonen samstundes som dei berre representerer 15% av driftseiningane (853 stk).
For fjørfeproduksjonane må vi skilje på eggproduksjon og slaktekyllingproduksjon. Det var i 1995 registeret 4 300 driftseingar med tilsaman 3,5 millioner høner. 800 av desse driftseining-ane (dei med meir enn 2000 høner) sto for ca 70% av den samla eggproduksjonen.
(Vedlegg 1.3.)
I slaktekyllingproduksjonen er det ca 200 produsentar som står for ca 70% av den samla årsproduksjonen. (Vedlegg 1.10.).
3.0 Kva veit vi om korleis dyr lid i ein brannsituasjon?
Vi har møtt litt ulike synspunkt som kanskje ikkje er så godt grunngjevne, men som nok er ein del av eit samsett bilete. Etter brann i grishus, der husdyrrommet kun har vorte røykskadd har ein funne grisene døde, liggande som om dei hadde gått til ro for å sova, utan noko teikn til panikk eller uro i bingen. Grisene har truleg stilt og roleg vorte bedøva og seinare drepne av røyken utan at dei på nokon måte har vore medvitne om kva som har skjedd. I andre tilfelle er det høyrt mykje hyling frå grishus under brann, så biletet er ikkje eintydig. I den grad dyra ikkje er medvitne om eller skjønar at røyken er farleg er det liten grunn til å tru at dei vert redde når røyken kjem, kanskje som med sovande menneske. Merkar dei derimot at røyken stikk i nasen eller dei merkar uvanlege lydar eller open eld er det rimeleg å rekna med at dei reagerer med frykt omtrent på same måten som oss menneske.
4.0 Årsaker til at brannar oppstår
Det er ei rekkje årsaker til at det oppstår brann i driftsbygningane. I mange tilfelle er årsaken heilt klar, andre vert aldri oppklara og så er det ei rekkje tilfelle der det vert konkludert med "sannsynleg årsak". Nedanfor er samanstilt ein del tal frå ulike undersøkingar.
Tabell 4.0.1. Samanstilling av data for prosentvis fordeling av brannårsaker frå fire ulike kjelder etter tal på brannar, jfr vedlegg 9.
Dersom ein ser tabell 4.0.1. saman med vedlegg 9 ser ein klart at det er svært mange og ulike årsaker til at det tek til å brenne
4.1 Kor oppstår brannane ?
Saman med årsak til at brannen tek til vil spørsmålet om kor det tek til å brenna vera avgjerande. Sørby fann i sitt materiale at i 5% av tilfella hadde brannen starta i husdyrrommet. Normann Andersen fann at 16% hadde starta i husdyrrommet. LBK undersøkinga fann at 18% hadde teke til i husdyrrommet.
Alt tyder altså på at det i all hovudsak er snakk om å verna husdyrrommet mot dei 85-95% av brannane som oppstår utanfor dette.
4.2 Kva buskapar er mest utsette for brann?
Sørby fann i si undersøking at 63% av storfe tapt i brann var frå buskapar med meir enn 40 dyr. Samstundes syner statstikk frå 1979 at omlag 25% av dyra finst i denne gruppa dersom vi reknar med at 20 kyr tilsvarer omlag 40 storfe totalt på bruket.
Tabell 4.2.1.
Tap i forhold til buskapsstorleik. Tal for storfe frå perioden 1977-81. Kjelde K.M. Sørby.
Tabell 4.2.2
Tap av storfe i brann i ulike buskapsstorleikar samanlikna med tal på dyr i ulike grupper.
Tap av dyr henta frå Sørbys undersøking, sjå tabell 4.2.1. Buskapsstorleik og fordeling er henta frå Statistisk sentralbyrås data for 1979, jfr. vedlegg 1.6, tabell 3.7.
* Relativ risiko er tal på tapte storfe pr 10 000 kyr i gruppa.
Sjølv om det er noko usikkert å knytte saman data for tal på kyr i buskapen med tal på storfe totalt tyder dette på at storfe i buskapar med meir enn 40 dyr har klart større risiko for å omkomme i brann enn dyr i mindre buskapar. Sørby fann og at det i større bygningar med meir enn 40 storfe var klart større frekvens av brann enn i mindre bygningar.
I undersøkinga til Normann Andersen var det ein storbrann i 1988 som gjorde stort utslag. 460 storfe gjekk tapt i Larvik fredag den 13. mai. Reknar ein med denne brannen finn ein at ca 70% av tapte storfe var i buskapar med meir enn 40 dyr. Ser ein bort frå denne store brannen i Larvik , som absolutt var litt spesiell, finn ein at ca 35% av tapte storfe kom frå buskapar med meir enn 40 dyr og det tyder ikkje på nokon klart større risiko enn for mindre buskapar.
For gris fann Sørby ein tilsvarande tendens dersom han skilde mellom over og under 100 dyr i buskapen. 78 % av tapte dyr kom frå buskapar med over 100 gris. Det var likevel ingen storbrannar på gris i perioden han granska. Normann Andersen fann eit tilsvarande mønster.
Nå er det slik at omlag 80% av slaktegrisproduksjonen går føre seg i buskapar med meir enn 100 dyr så det er vanskeleg å sei noko sikkert om det er større risiko for brann ut frå desse tala.
Ser vi på buskapar med meir enn 200 slaktegris står desse for ca halvparten av totalproduksjonen samstundes som ca halvparten av tapte gris kjem frå denne gruppa.
4.3 Kva kjenneteikner ein typisk landbruksbrann ?
Brannar som vert oppdaga tidleg, i løpet av dei aller første minutta, vil det som regel vera mogeleg å slokka om ein kjem til og har eigna slokkereiskap. Går det lenger tid, er det lite ein kan gjera anna enn å redda ut dyr der det er mogeleg. Vert brannvesenet varsla ca 10 minutt etter brannstart kjem dei ofte til gards eit kvarter seinare og då er bygningen i dei fleste tilfelle overtent. Det er sjeldan brannvesenet klarer å slokke ein landbruksbrann, men dei kan hjelpe til med å redde ut dyr og verne andre bygningar på bruket mot varmen. Skal ein klare å slokke må ein verta merksam på brannen i løpet av dei aller første minutta og det er det i mange tilfelle kun eit brannvarslingsanlegg som kan gjera. Frå ca eit kvarter etter brannstart og 15-20 minutt framover vil det vera svært kraftig varmeutvikling frå eit brennande trebygg og det kan vera fare for at nabobygg tar fyr om ikkje brannvesenet kjem til og får kjølt ned desse.
Dødsårsaken for dyr som går tapt i landbruksbrannar vil i dei aller fleste tilfelle vera røykforgifting. Dersom røyken frå brannen vert sugd inn i husdyrrommet av ventilasjons-anlegget, eller vert trykka inn av overtrykket som oppstår i det brennande rommet, vil dyra som oftast verte forgifta lenge før nokon drepande varme når fram til dei. Det må difor understrekast at sikring av husdyrrommet mot inntrenging av røyk er svært viktig.
5.0 Kva lover, reglar og forskrifter gjeld ? Kva sikringstiltak kan krevast ut frå dagens reglar ?
5.1 Plan og bygningslov (med forskrift av 97)
I plan og bygningslovens § 81 står det at bestemmelesene i loven gjelder for driftsbygninger i landbruket "så lang det passer". Melding HO-5/88 "Så langt det passer - driftsbygninger i landbruket" har klargjort kva dette tyder og denne er nå under revisjon.
I teknisk forskrift til plan og bygningsloven 1997 (TEK 97) heiter det i § 7-2 at :
Byggverk skal ha planløsning og utførelse som gir tilfredstillende sikkerhet ved brann for personer som oppholder seg i eller på byggverk, for materielle verdier og for miljø og samfunnsmessige forhold. Herunder skal det være muligheter for å redde mennesker og dyr og for slokkearbeide.
I veiledningen til forskriften er dette meir detaljert forklart. Det heiter først i §7-22 at driftsbygning i landbruket høyrer til i risikoklasse 1. Det vil seie saman med garasje, skur, arbeidsbrakke og fryselager, altså i den gruppa der riskoen for personskade i tilfelle brann vert vurdert til å vera minst. Det tyder på at det kun er tenkt på persontryggleik. Og det er jo svært sjeldan menneskeliv går tapt i samband med landbruksbrannar.
Vidare heiter det at "driftsbygning i landbruket kan oppføres uten krav til brannklasse".
TEK 97 §7-24 punkt 3a stiller krav til brannmotstand på skillekonstruksjon mellom husdyrrom og tilstøtende rom. Dette kravet er i samsvar med tidlegare krav (BF 87). Det vert kravd minimum brannmotstand på EI 30 for skillekonstruksjonar mellom husdyrrom under 300 m2 og tilstøtande rom og krav på EI 60 om husdyrrommet er over 300 m2.
Det er vidare krav til rømmingsvei. Det skal ikkje vera meir enn 50m til nærmaste dør.
I veiledningen heiter det om breidda på rømmingsvegen berre at "for driftsbygninger i landbruket må bredden tilpasses behovet" (REN s. 111). Etter dei gamle reglane tyder det minimum 1,0 m for gris og småfe og 1,5 m for storfe. Det er krav om minimum to uavhengige rømmingsvegar frå ei branncelle (REN s. 112). Dette kan likevel tilfredstillast ved at det er ei dør direkte til det fri, eller ei dør til rom utanfor branncella som igjen har to uavhengige rømmingsvegar. Dette kravet om to rømmingsvegar har likevel vorte oppfatta som at det skal vera minst to rømmingsvegar ut frå husdyrrommet der minst ei dør skal gå direkte til det fri.
Krava i forskriften har ikkje tilbakevirkande kraft og gjeld såleis nybygg eller ombyggingar.
I forskriften til plan og bygningsloven om saksbehandling (SAK) vert det stilt krav til melding til kommunenen i samband med byggesak. (SAK §2, pkt 1, og §20, pkt 1). For meldingssaker etter § 81 i PBL er det tiltakshaver, altså bonden sjølv, som er ansvarleg for at bygget er i samsvar med krava i fortskriftene. Sjølv om det ikkje er nokon uavhengig kontroll, som i ordinære søknadssaker, har kommunen plikt på seg etter § 10-1 i PBL til "å føre tilsyn med at plan og bygningsloven holdes i kommunen".
TEK 97 §7-24 pkt 4, stiller krav til tekniske innstallasjoner. Det står m.a. at installasjonen ikkje må vera utført slik at den bidrar til økt fare for røykutvikling og røykspredning. Dette vil i vår samanheng spesielt gjelda for ventilasjonsanlegg og luftinntak. Det må sikrast at ikkje ventilasjonsanlegget trekkjer røyk frå ein begynnande brann i eit rom utanfor husdyrrommet.
Kommentar: Kravet til brannmotstand på skiljekonstruksjon mellom husdyrrom og andre rom (kontor og dusj/garderobe er ikkje medrekna her) har eksistert sidan 1987. Det er likevel eit faktum at dette kravet ikkje er oppfylt i ei rekkje av driftsbygningane som er bygd eller ombygd etter den tid. Ein vanleg situasjon er t.d. at veggen mellom fôrsentral og husdyrrom er tett medan det ikkje er tetting mellom fôrsentral og loft over husdyrrom. Er det i tillegg luftinntak til ventilasjonsanlegget for husdyrrommet på loftet kan husdyrrommet verte fyllt med røyk svært tidleg i ein brann. Hadde vi hatt tilfredstillande brannmotstand på skilje-konstruksjonane, slik som forskriftene har krevd, kunne truleg mange tragediar vore unngått.
Våre naboland Sverige og Danmark har reglar som er nokså tilsvarande våre. Det er krav til brannmotstand på skiljekonstruksjonar mellom husdyrrom og resten av bygget, krav til rømmingsvegar og det er krav om sikring mot spreiing av røyk gjennom ventilasjonanlegget.
Det eksisterer ikkje noko sentralt register for tap av husdyr i brann verken i Danmark eller Sverige. Det er kun dei einskilde forsikringsselskap som har slike opplysingar.
Søren Pedersen ved Statens jordbrugstekniske Forsøg, Bygholm, i Danmark har arbeidd 25 år med landbruksventilasjon. Han seier at brann er noko dei er lite opptekne av. Det store problemet i Danmark er ventilasjonssvikt. Jørgen Hvid ved Landbrugets Rådgivningssenter seier at kravet til brannskillande konstruksjon gjeld mellom husdyrrom og traktorgarasje og mellom husdyrrom og høy/halmlager. Vidare er det krav til ubrennbare overflater i husdyrromet. Dei kan t.d. ikkje nytte pustande himling med polyesterduk slik som vi gjer. Det er og krav til brannseksjonering av husdyrrom over 2000 m2. Elles gjeld dei generelle brannkrav til bygg også for landbruksbygg.
5.2 Lov om dyrevern, forskrift om hold av storfe og svin
§ 5: Det skal være brannslanger eller et tilstrekkelig antall håndslukkeapparater i alle bygninger med husdyr. Dyra skal lett kunne slippes ut i tilfelle brann eller andre nødsituasjoner. Plassering og utforming av ganger, dører m.v. skal muliggjøre en rask evakuering av dyra.
Ventilasjonsanlegg skal være konstruert slik at det ikke sprer branngasser.
Vidare heiter det i "Retningslinjer for hold av storfe og svin" (som bygger på forskriften med same navn) under punkt 8 om brannsikring:
"Alle driftsbygninger hvor det holdes et større antall dyr bør ha et tilfredsstillende system for varsling av brann (alarm/sirene)".
5.3 Lov om brannvern
- Loven presiserer at eigar/brukar av bygning har ansvaret for at branntryggleiken er tilfredsstillande.
- Brannvesenet i kvar enkelt kommune har plikt til å gjennomføre oppgaver av brannforebyggende og kontrollerende art.
- Brannstyresmaktene kan pålegge eigar/brukar å gjennomføre brannsikringstiltak.
Kommentar: I og med at det "vanlege" brannsynet nå er oppheva vil det i dag kun verta gjennomført brannsyn på det loven i §22 kaller "særskilte brannobjekt". Det vil sei at det kun vil vera bygg der det vert vurdert slik at ein brann får "store konsekvensar" at spesielt brannsyn skal gjennomførast. Det lokale brannvesen står sjølvsagt fritt til å vurdere om landbruksbygg med større buskapar kjem inn under denne kategorien, men i loven er ikkje landbruksbygg nemnt som døme på bygg i denne kategorien.
5.4 Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr
- Utgangspunktet er at det er eigar/brukar som har ansvaret for at anlegget heile tida er i orden og i samsvar med lovar og forskrifter.
6.0 Aktuelle tiltak
Med utgangspunkt i det mangfold av årsaker til brann som vart lista opp i kap. 4 vil lista over tiltak sjølvsagt og vera mangfoldig. Alle typar tiltak som er med og reduserer den generelle brannfaren vil sjølvsagt og redusera faren for at husdyr skal gå tapt i brann. Det vert her fokusert spesielt på tiltak som kan sikre husdyrrommet og dyra.
6.1 Tiltak som kan bidra til å hindre at brann oppstår.
6.1.1. Holdningsskapande arbeid.
Opplysningsarbeid, oppslag i presse og kringkasting, alt som kan vera med på å "halda emnet varmt", slik at folk tenker branntryggleik, er truleg aller viktigast for å halda talet på brannar nede. Kvalitetssikringsarbeidet som næringa har sett igang er truleg eit svært viktig element i eit slikt arbeid.
I Sverige er det eit etablert samarbeid mellom bøndene, forsikringsselskapa og styresmaktene i det som vert kalla "Lantbrukets brandskyddskommitte" (LBK). Dei har utarbeidd ein perm med "rekommendationer" som vert sendt ut til ei rekkje abbonnentar. Det er teke med nokre sider frå denne permen med tilrådingar i vedlegg 8. Dette er noko vi bør vurdere også for vårt land.
6.1.2. Brannsyn.
Brannsyn, spesielt retta inn mot større bygg, vart av Sørby i si tid peika på som truleg noko av det mest kostnadseffektive førebyggande tiltaket.
I den grad dette arbeidet no er trappa ned bør vi vurdere kva alternative måtar ein eventuelt kan få gjort dette tryggingsarbeidet på. Det aller beste er sjølvsagt at det vert gjort som ein del av ein eigenkontroll eller kvalitetskontroll av produksjonen, men det er nok ikkje sikkert at dette alltid vil fungere tilfredsstillande. Eit alternativ som vi sjølvsagt kan diskutere er korleis veterinærane eventuelt kan involverast i dette arbeidet.
6.1.3. Tilsyn med elektriske anlegg
Dette er eit ansvar som det lokale energiverk har. Kor ofte slike kontrollar vert gjennomført varierer då det vert vurdert lokalt kor ofte og kva slag bygg som skal kontrollerast. Slike kontrollar skal sjølvsagt ikkje fråta bonden ansvaret han har for at det elektriske anlegget heile tida er i orden, men det kan nok vera at einskilde tenker litt på den måten.
6.1.4. Overspenningsvern.
Detter er eit enkelt og truleg svært kostnadseffektivt tiltak mot skader på det elektriske anlegget. Skader som oppstår på elektriske anlegg og apparat i samband med tordenvær kan seinare verta årsak til brann.
Jordfeilbrytarar er og eit godt tryggingstiltak, men her skal ein vera merksam på at dersom straumen til ventilasjonsanlegget vert kutta kan det fort verta farleg varmt i husdyrrommet. Det vert difor tilrådd av Dyrehelsetilsynet å la straumen til vifta gå utanom jordfeilbrytaren. Det er større fare for tap av dyreliv ved ventilasjonssvikt pga. jordfeilbrytar som slår ut i utide enn det er fare for skade eller brann utan jordfeilbrytar på vifta.
6.2 Tiltak som kan varsle brann
Brannvarslingsanlegg er eit tiltak som det har vore mykje fokusert på dei seinare år. Det var lenge vanskar med å få sensorar som fungerte over tid i det aggressive husdyrromsmiljøet. Dei vanskane ser nå ut til å vera løyste. Den type anlegg som nå ser ut til å verta dominerande er bygd opp med lange røyr ut til alle delar av driftsbygningen. Ved hjelp av ei vifte vert luft sugd inn frå heile bygningen gjennom mange små hol i desse røyrane og fram til ein sensor.
Eit firma i Oppdal produserer nå slike brannvarslingsanlegg for landbruksbygg. Dei reknar med å produsera opp mot 2000 anlegg i år og alt går til vårt eige land. Dette vert omsett gjennom Felleskjøpet som og tilbyr serviceavtale på anlegget med fast årleg filterskift og funksjonstest. Det finst og fleire andre leverandørar av tilsvarande anlegg.
Eit av forsikringsselskapa tilbyr rentefrie lån for dei som vil investere i slike anlegg. Premiereduksjonen dei oppnår ved installasjon av eit slikt anlegg vil i ein del tilfelle (dei største bygga) kunne betale for heile investeringen. Eit slikt anlegg vil koste omlag 50 000 kroner, og serviceavtalen kostar pr dato ca kr 1000,- pr år. Det er i dag fleire månaders leveringstid på slike anlegg og produsentane klarer ikkje å levere raskare.
Det er ingen tvil om at tidleg varsling i mange tilfelle vil kunnna gjera at ein liten brann kan slokkast før det vert ein storbrann. Det førset då at det er eigna slokkereiskap og folk tilstades på garden som kan bruka desse.
6.3 Tiltak som kan bidra til å hindre at brann spreier seg
6.3.1. Husdyrrom eiga branncelle
Husdyrrommet som er bygd eller ombygd etter 1987 skal vera utført som eiga branncelle. Dersom skiljekonstruksjonen er skikkeleg gjennomført skal det hindre at røyk trenger inn i husdyrrommet tidleg i brannen og såleis gje ei viss tid til evakuering av husdyra. Det er her viktig at alle detaljane er rett utførte og spesielt må ein vera merksam på at luker og dører er tette nok.
I delar av landet vert ofte husdyrrom utført i murverk og betong. Med ubrennbare materialar vert skadeonfanget i tilfelle brann ofte mindre enn ved bruk av brennbare materialer.
I undersøkinga til Sørby synte det seg likevel at det var liten skilnad på såkalla branntrygge og ikkje branntrygge husdyrrom når det gjaldt tryggleiken til husdyra. Dersom dører eller luker har stått oppe kjem røken i alle fall inn i husdyrrommet.
6.3.2. Ventilasjonsanlegget må ikkje trekkje røyk inn i husdyrrommet.
Det er svært viktig at ikkje ventilasjonsanlegget trekkjer røyk frå rom utanfor branncella og såleis punkterer denne. Forskrift om hold av storfe og svin kan brukast til å påby eventuell ombygging av eksisterande ventilasjonsanlegg der det er fare for dette.
6.3.3. Røykventilasjon
Dette er eit tiltak ein har sett ein del på i Sverige dei seinare åra. Brenn det i fôrsentralen vil det ofte oppstå eit overtrykk som kan presse røyk inn i husdyrrommet sjølv om dette er skilt frå med tett konstruksjon. Eit enkelt tiltak her kan vera å leggja inn lysplater av PVC eller akryl i taket i fôrsentralen. Plastplatene vil smelte ganske raskt i tilfelle brann og såleis sleppe røyken ut. Rapporten "Otätheter och spridning av brandgaser hos lantbruksbyggnader" av Bengt Svennerstedt greier ut om dette emnet. Samandrag av rapporten er teke med i vedlegg 6.
6.4 Evakuering av husdyr
Evakuering av dyr er eit aktuelt tiltak for nokre dyreslag. Dyr som er vane med å gå ut og inn vil i mange tilfelle relativt lett kunna førast ut. Dette føreset då sjølvsagt at det kan skje før husdyrrommet tek til å verta fylt med røyk eller det av andre årsaker oppstår panikk mellom dyra. Storfe, sau og hest må vurderast som dei lettaste dyra å få ut, men ein må vera varsam med oksar. Dyr som er oppbundne på bås med kjetting vil det vera vanskeleg å løysa dersom det har oppstått uro eller panikk. Skal ein få løyst slike dyr trengs det ei passande saks eller ein kan bruke bindsel av kunststoff som enklare kan skjærast over med kniv i ein vanskeleg situasjon. Det er elles velkjent at det er lettare å drive dyr dersom dei kan gå frå mørke mot lys.
Sauer vil ofte gå etter ein kjent person dersom han lokkar på dei.
Gris kan vera vanskelegare å flytta på og fjørfe må det nærmast vurderast som uråd å evakuera, i alle fall frå bur.
6.5 Slokking av brann
6.5.1. Slokkereiskap .
Brannslange eller brannslokkingsapparat, er påbudt og skal finnast i alle bygg med husdyr. Vert ein brann oppdaga tidleg nok og ein har eigna slokkereiskap kan katastrofen avvergast. Spørsmålet er om slange burde vore påbudt i isolerte (frostfrie) husdyrrom. Eit pulverapparat har kort funksjonstid og er lite å stille opp med om varmen har vorte sterk nok. Det er viktig at brannslokkingsapparat får standardisert plassering, t.d. maks 2 meter frå inngangsdør slik at om ein ukjent person kjem til skal han raskt kunna finna apparatet og nytta det.
6.5.2. Sprinkleranlegg
Dette er eit tiltak som vert nytta i ein del samanhengar, men ikkje i landbruksbygg så vidt vi kjenner til. Kostnadane vil vera frå ca kr 100 000 og oppover. Det føreset vidare stor dimensjon på vassleidning, 75-100mm, og minimum 3 bars trykk. Det er det ikkje mange norske gardsbruk som har.
6.5.3. Brannvesenet
Dette er siste redning, men dei kjem ofte litt seint. Det er store avstandar på bygdene. I undersøkinga til Sørby fann han at det tok i gjennomsnitt ca 15 min frå brannvesenet vart varsla til dei var framme på brannstaden. Dersom brannen først vart oppdaga når røyk og eld slo ut av bygningen er det som regel lite brannvesenet kan gjera anna enn å hindra at andre bygningar tek fyr. Det er og ofte eit problem for brannvesenet at det er smått med vatn på garden.
7.0 Diskusjon
7.1 Samanlikning av risiko
Når ein skal diskutere risiko er det ofte god hjelp i samanlike med forhold vi kjenner litt til. Vi veit at ca 50 menneske brenn inne kvart år i landet vårt. Det er eit menneske av ca 84 000. Vi kan vera samde om at det er 50 for mange, men vi aksepterer likevel på ein måte risikoen. Set vi denne faktoren til 1 kan vi sei noko om kor mykje større risiko dei ulike husdyra våre har for å miste livet i brann slik det er vist i tabell 7.1.1.
Tabell 7.1.1 Risko for å miste livet i brann for ulike husdyr, samanlikna med menneske i Noreg som er sett til faktor 1. Tal for populasjonsstorleik er henta frå 1994. Tal for tap av dyr er gjennomsnitt pr. år for perioden 93-97.
* Slaktekylling ikkje medrekna her.
I staden for å samanlikne tapte liv i brann med den totale populasjon kan vi samanlikna med talet på fødte. Det vert født ca 60 000 menneske i Noreg kvart år. Dersom 50 menneske mister livet i brann kvart år kan vi sei at eit av 1200 menneske som vert født statistisk sett vil miste livet i brann. Sagt på ein annan måte vil 0,83 av 1000 fødte statistisk sett miste livet i brann. For husdyra våre er det ingen som har så stor risiko for å omkomme i brann i løpet av livet som oss menneske.
Tabell 7.1.2 Risiko for å omkomme i brann i løpet av livet. Tal for omkomne dyr er gjennomsnittstal for perioden 93-97.
* Slaktekylling er medrekna her.
7.2 Vurdering av tiltak, kostnad-nytte
7.2.1. Holdningsskapande arbeid, informasjon.
Dette kan på ein positiv måte inngå som ein del av eit kvalitetssikringsarbeid i næringa og vil etter vår meining vera den beste måten å få ned talet på brannar. Det kvalitetssikringsarbeidet som næringa (Bondelaget, Småbrukarlaget, samvirkeorganisasjonane, m.v.) har starta opp med vil truleg vera ein fin måte å få ut informasjon både om kva lover og forskrifter krev og om kva andre tiltak ein kan vurdere for betra tryggleik.
Dersom vi ved å satse ein halv million kroner pr år kan redusere talet på tapte dyr med 1% , det er kun 6 dyr i året rekna ut frå 600 tapte pr år, vil kvart redda dyreliv koste ca 80 tusen kroner. Då har vi ikkje teke omsyn til at brannskadeutbetalingane også vert redusert. Ein prosent reduksjon her utgjer over ein million kroner i året. Dersom reduksjonen i talet på tapte dyreliv og skadeutbetaling vert større enn 1% vert biletet tilsvarande gunstig. Det vil neppe vera mogeleg å dokumentere verknaden av eit avgrensa tiltak som dette med dei svingningar vi alltid har frå år til år. Her vert det langt på veg spørsmål om kva ein trur nytten vert.
7.2.2. Landbrukets brannvernkomite
Etter mønster av svenske LBK bør det vurderast om eit tilsvarande samarbeid skal etablerast i Noreg. Det er allerede i gang eit visst samarbeid mellom bøndene sine organisasjonar, forsikringsselskapa, og representantar for styresmaktene. Spørsmålet er om dette samarbeidet skal formaliserast for ein viss prøveperiode. Det vil då vera naturleg å halde fram det registreringsarbeidet som UGBD (Undersøkelsesgruppen for brann i driftsbygninger der det omkommer dyr) har starta opp. Det manglar, som vi har vore inne på tidlegare, ein del på at vi har full oversikt over kva som skjer når det gjeld brannar i landbruket og tap av dyr. Ei anna viktig oppgåve måtte vera å utarbeide informasjonsmateriell om brannvern i landbruket generelt kanskje med vekt spesiellt på sikring av husdyrrom.
Det vil i så fall vera naturleg å foreslå at dette vert eit prøveprosjekt for tre til fem år og at det vert finansiert som eit spleiselag mellom styresmaktene og forsikringsselskapa.
Spørsmålet om kostnad-nytte vert noko tilsvarande punkt 7.2.1. Dersom vi tenkjer oss ein årleg kostnad på ein halv til ein million kroner vil 1% reduksjon i skadeutbetalingane i og for seg betale for ein slik kostnad. Spørsmålet er om vi kan forventa ein større reduksjon i talet på brannar og tapte dyreliv. Får vi t.d. 5% reduksjon i tapte dyreliv utgjer dette 30 i året og kostnaden pr. spart liv vert litt over 30 tusen kroner dersom årleg kostnad er ein million. Får vi også 5% reduksjon i skadeutbetlingane utgjer dette meir enn fem goner den årlege kostnaden.
7.2.3 Brannceller
Nå har vi hatt krav om at husdyrrom skal utførast som eiga branncelle sidan 1987. Kor stor del av bygningsmassen som pr. idag har fått dette er noko uvisst. Statistisk sentralbyrå registrer omlag 500 nye husdyrbygg pr år. Med omlag 50 000 husdyrbygg vil det sei at det tek 100 år før alle er utført som eiga branncelle dersom det vert gjort etter forskriftene. Nå skjer det nok ei viss fornying av eksisterande husdyrrom der kravet om brannskiljande konstruksjon absolutt kunne vore gjort gjeldande, men det er mange som ikkje er klar over dette kravet. Vi trur likevel at mange husdyrbrukarar vil strekke seg langt for å få til ein konstruksjon som er i samsvar med forskriften når dei skjønar kvifor kravet er stilt. Så her trengs informasjon og det bør koma med i kvalitetshandboka til næringa.Det er lite interessant å diskutera skjerpa forskrifter før eksisterande krav er nokonlunde iverksett.
Kommunane har her ei viktig oppgåve ved at dei skal kontrollere at bygningsplanar som vert sendt inn til dei som meldingssak er i samsvar med forskriftene. Ved hjelp av SAK §2 pkt 1 og § 20 pkt 1 kan dei sjekke at branncelleavgrensande konstruksjonar er planlagt.
Det finst pr. idag likevel ikkje noko organ som har eit klart ansvar for å kontrollere at husdyrbygningar vert ført opp i samsvar med teikning og melding. Det er og noko varierande praksis med omsyn til kor strenge kommunane har vore med å hånheva kravet om at det skal sendast inn melding.
Kostnaden knytt til det å skilje husdyrrommet frå resten av bygget som eiga branncelle vil variere mykje frå bruk til bruk. Mange stader vil det kun sei at luker, portar og dører må tettast slik at ikkje røyk eventuelt kjem inn. Reknar vi forsiktig på 10 tusen kroner som kostnad pr bruk vert det likevel ei investering på 500 mill. kr dersom alle 50 tusen husdyrbygg skal sikrast. Med ein årskostnad på berre 5% av investeringen vert det likevel 25 mill kr. Kan vi rekna med ein reduksjon i talet på tapte dyr med 10% utgjer dette 60 dyr i året, og kostnaden pr tapt dyreliv kjem på omlag 400 tusen.
Nå er det kanskje liten grunn til å diskutere forskrifter som er vedtekne og som det ikkje er nokon grunn til å endre på. Spørsmålet vert meir kva som eventuelt bør gjerast for å sikra at kravet vert etterlevd. Då må det sjølvsagt fokuserast på dei 5-6 tusen driftseiningane som står for nær halvparten av den samla husdyrproduksjenen i landet. Det gjeld ca 3000 storfebuskapar med meir enn 20 kyr. Dei representerer rett nok under 25% av det totale antall storfe, men det ser ut for at dei representerer nær halvparten av tapte storfeliv i brann. Det gjeld vidare ca 1000 avlsgrisbuskapar med meir enn 30 avlspurker som står for over halvparten av smågrisproduksjonen i landet. Det gjeld ca 1000 driftseiningar som leverer meir enn ca 500 slaktegris i året. Dette utgjer ca 45% av totalproduksjonen. Til slutt gjeld det ca 1000 driftseiningar med fjørfe som står for ca 70% av egg og slaktekyllingproduksjon.
Vert tiltaket avgrensa til desse 5-6 tusen driftseiningane vert kostnad-nytte vurderinga litt annleis. Reknar vi at kostnaden for å skilje husdyrrommet frå som eiga branncelle kjem på 20 tusen kroner vert kostnaden 120 mill. kroner, eller ein årskostnad på 6 mill. kroner. Vert nedgangen i tap av dyr like stor som i førre dømet, altså 10% på ca halve buskapen vår kan vi rekne med å spare ca 30 dyreliv i året til ein kostnad på ca 200 tusen kroner pr stk.
Går vi spesifikt på dei 2 tusen grisebuskapane som har halvparten av all norsk gris og reknar med at det kostar 20 tusen kroner å sikre husdyrrommet som eiga branncelle vert det ei investering på 40 mill. kroner. Årskostnad vert ca 2 mill. kroner. Kan vi redusere talet på tapte gris i brann med 10 % utgjer det 23 stk. og prisen pr. dyreliv vert ca 90 tusen kroner.
For småfe er tapa av dyr i brann så forsvinnande små (43 dyr pr år) samanlikna med andre årsaker til tap av dyr (130 000 sauer og lam går tapt på beite kvart år) at krava til branntrygging av husdyrromma bør håndhevast med lempe.
7.2.4. Tiltak mot spreiing av røyk gjennom ventilasjonanlegget.
Formuleringa i forskrift om hold av storfe og svin der det heiter at "Ventilasjonsanlegget skal være konstruert slik at det ikke sprer branngasser" kan nyttast av veterinærstyresmaktene til å kreve tiltak på eksisterande bygningar. Der inntaksluft vert trekt inn frå loft eller rom over husdyrrommet, må enten rommet skiljast frå resten av bygget med brannvegg EI 30 eller EI 60 alt etter storleik på husdyrrommet, eller så må det konstruerast ein kanal frå det fri og inn til luftinntaket med tilsvarande brannmotstand. Eventuelt kan luftinntaka setjast i yttervegg i staden for himling.
Det er liten grunn til å diskutere kostnader knytte til dette tiltaket. Det vert meir eit spørsmål om kor store ressursar ein skal setja inn for å sikra seg at forskriften vert etterlevd. Veterinærstyresmaktene ved Statens dyrehelsetilsyn har her både apparat og lovverk som kan brukast så det må vi rekna med går sin gang.
7.2.5. Røykgassventilasjon
Dei gode røynslene som svenskane har gjort med bruk av akryl eller PVC plater som lysplater kombinert med røykventilasjon bør tilrås brukt også hjå oss. Desse platene smeltar alt ved 80-90°C og kan såleis sleppe ut røyken frå ein begynnande brann i ein fôrsentral eller låve før det vert eit stort overtrykk i rommet med fare for at røyk vert trykka inn i tilstøtande rom. Det kan og redusere faren for at brannen når ei eksplosiv utvikling med total overtenning slik ein ofte ser det skjer når røyken med delvis brennbare gassar har fyllt opp heile overbygget.
LBK tilrår at 3% av takarealet vert nytta til slike lysplater. Legg merke til at polykarbonatplater ikkje er så gunstige då dei smeltar først ved ca 130°C, og glassfiberarmert polyester smeltar først ved ca 170°C.
7.2.6. Varslingsanlegg
Sørby kom til at halvparten av brannane vart oppdaga i ein tidleg fase, men at ein likevel av ulike grunnar ikkje klarte å slokka brannen. Skal ein ha god nytte av tidleg varsling bør ein ha både god slokkereiskap for handa og husdyrrommet bør sjølvsagt vera sikra mot tidleg inntrenging av røyk.
For den andre halvparten av brannane, dei som ikkje vart oppdaga tidleg, ville sjølvsagt eit varslingsanlegg vore til stor hjelp.
Når det gjeld bustader reknar DBE med at risikoen for å omkomme er halvert der det er installert brannvarslar. Det er vanskeleg å seie akkurat korleis tidleg varsling kan slå ut for tryggleiken til husdyra. Det som er ganske sikkert er at det vil ha liten verknad om ikkje dei andre tiltaka er på plass først. Husdyrrommet må altså vera sikra mot røyk, det må finnast skikkeleg slokkereiskap og rømmingsvegar må vera på plass.
Der alt dette er i orden vil eit varslingsanlegg gje god betring av tryggleiken.
Sikre tal finst ikkje, men vi vel å rekna med at det kan verta ein reduksjon i tap av dyreliv på mellom 25 og 50% der automatisk brannvarsling er innstallert.
Startar vi t.d. med å sjå på storfe har vi ca 30 tusen buskapar. Skal alle desse sikrast med varslingsanlegg vert det ei investering på over ein milliard kroner. Årskostnad for slike tekniske installasjonar inkludert service, vedlikehald og avskriving må nok reknast til omlag 10% av investeringskostnaden. Det inneber ein årleg kostnad på over 100 mill. kroner. Dersom halvparten av dei storfe som i dag brenn inne kan reddast utgjer det i overkant av 50 dyr i året. Kostnaden for kvart redda dyr vil då verta omlag 2 mill. kroner.
Tabell 7.2.1. Samanlikning av ulike tiltak med omsyn til kostnad pr. redda dyreliv. Legg merke til at kostnad pr. redda dyreliv vil kunne variere innanfor vide ramer alt etter kor stor reduksjon ein får ved dei ulike tiltaka.
Konsentrerer vi oss om dei ca 3 tusen buskapane med over 40 storfe totalt får vi dekka 20-25% av dyra, men kanskje halvparten av brannane. Det skulle gje oss ein årskostnad på 10-15 mill. kroner og vi kan håpa på at 20-25 dyr vert sparte kvart år. Prisen på kvart redda dyr vil likevel verta omlag ein halv million kroner eller 20-100 gonger livdyrverdien. Vert reduksjonen i tap av dyreliv berre 25% i staden for dei medrekna 50% vert kostnaden pr redda dyreliv dobla.
Ser vi på gris har vi 6500 buskapar. Skal vi sikre alle vil det koste ca 300 millioner kroner. Årskostnaden vert omlag 30 mill. kroner og vi kan rekna med å spara kanskje 250 dyr i året. Det tilsvarer ein pris på 120 tusen for kvart redda griseliv.
Konsentrerer vi oss om dei ca 1800 buskapane som står for halvparten av produksjonen kan vi redda 120 dyr i året for ein kostnad på ca 10 mill. kroner. Det tilsvarer ein kostnad pr. spart griseliv på ca 80 tusen kroner.
For fjørfe vil ein ved å sikre 1000 driftseiningar ha fått med seg omlag 70 % av produksjonen. Kostnaden pr spart fjørfeliv vert likevel over 6 tusen kroner.
Jamfør elles tabell 7.2.1 for samanlikning av tiltak.
For småfe med, mindre enn 50 tapte dyr i brann i året, ser vi liten grunn til å vurdere brannvarsling. Her bør innsatsen for betra dyrevelferd setjast inn andre områder.
7.2.7. Evakuering
Vi trur dagens krav til rømming er tilfredstillande. Normann Andersen gjer framlegg om at det bør krevast to rømmingsvegar direkte til det fri for det han kaller intensiv storfeproduksjon.
7.2.8. Slokking
I varmt husdyrrom bør det stillast krav til at det skal vera min 3/4 toms slange tilgjengeleg. Mange har og bruker ein slik slange til reingjering osb. Reknar vi med ein kostnad på tusen kroner til dei 20 tusen som kanskje ikkje har slange av andre grunnar vert det ein årskostnad på eit par millionar kroner. Dersom berre 2 % av brannane kan unngås vil dette vera ei fornuftig investering.
8.0 Konklusjon
Vi vil foreslå at vi først konsentrerer oss om generelle tiltak mot brannar i landbruket gjennom informasjon til brukarane. Spesielt bør det fokuserast på tiltak som kan sikra husdyrrommet mot tidleg inntrenging av røyk. Alle andre tiltak bygger i røynda på at dette er sikra først.
Dette informasjonsarbeidet kan gjerast på mange måtar, men det er avgjerande at næringa vert involvert aktivt.
Etablering av ein brannvernkomite for landbruket kan vera eit element i eit slikt arbeid.
Eksisterande byggeforskrifter har etter vår meining tilfredstillande krav, men det bør vurderast om kontrollen med meldingssaker er tilfredstillande.
Formuleringa i veiledningen (§7-22) at "Driftsbygning i landbruket kan oppføres uten krav til brannklasse" kan lett mistydast og bør få eit tillegg der det heiter at,
"men husdyrrom skal sikres som egen branncelle".
Krav om varslingsanlegg kan på sikt vurderast for dei største bygningane, men så lenge næringa sjølv driv denne saka fram er det liten grunn for styresmaktene til koma med påbod.
9.0 Kjelder
Bård Normann Andersen: (1992) Brann i husdyrbygninger, Hovedoppgave ved Institutt for tekniske fag NLH.
Kjell Martin Sørby: (1984) Branner i landbrukets driftsbygninger i Norge, en analyse av branner i perioden 1977-81. Institutt for tekniske fag, NLH.
Anders Arnhus (1997) Forprosjekt, brannsikring av husdyrrom. Direktoratet for brann og eksplosjonsvern. Tønsberg.
Bengt Svennerstedt : (1997) Otätheter och spridning av brandgaser hos lantbruksbyggnader, Specialmeddelande 227, Sveriges lantbruksuniversitet, S-230 43 Alnarp.
Willeberg, P. (1991) Animal welfare studies: epidemiological considerations. In: M.V.Thrusfield (ed) Proceedings from the society for Veterinary Epidemiology and Preventive Medicine, London. 76-82.
Knut Samseth (red) (1997) Etisk rekneskap for husdyrbruk. Notasamling. Drøfting. NILF-rapport 1997-4.
Lantbrukets Brandskyddskommitté (1997) LBK´s rekommendationer, v/Arne Kalstenius. Svenska Brandförsvarsföreningen, Stockholm.
Ewa von Wachenfelt og Hans Garmer (1988) Brandskydd og djurräddning i fjäderfästallar. Specialmeddelande 163, Sveriges lantbruksuniversitet, S-220 06 LUND.
Statistisk sentralbyrå, Jordbruksstatistikk 1994, m.m.
10.0 Vedlegg
Vedlegg 1: Statstikk.
Vedlegg 1.1. Tap av husdyr i brannar, 1963 - 1997.
Vedlegg 1.2. Driftseiningar i alt med ulike husdyr. (1989-1995)
Vedlegg 1.3. Driftseiningar, tal på dyr etter buskapsstorleik (1992-95)
Vedlegg 1.4. Totalt tal på husdyr i landet (1959-1994)
Vedlegg 1.5. Gjennomsnitteleg tal på husdyr pr. driftseining (1959 1994)
Vedlegg 1.6. Driftseiningar med ku etter buskapsstorleik (1969-1994)
Vedlegg 1.7. Driftseiningar med sau etter buskapsstorleik (1969-1994)
Vedlegg 1.8. Driftseiningar med avlssvin etter buskapsstorleik (1969-1994)
Vedlegg 1.9. Driftseiningar med høner etter buskapsstorleik (1969-1994)
Vedlegg 1.10. Driftseingar med slaktekylling etter årsproduksjon (1997)
Vedlegg 2: Gjeldande lover og forskrifter..
Vedlegg 3 : Lover og reglar i Sverige.
Vedlegg 4: Utdrag fra Kjell Martin Sørbys rapport: Branner i landbrukets driftsbygninger i Norge 1977-81, IBT-rapport nr 203, Norges Landbrukshøgskole, Ås 1984.
Vedlegg 5: Utdrag fra Bård Normann Andresens hopvedoppgave: Branner i husdyrbygninger, Institutt for tekniske fag, Norges Landbrukshøgskole, Ås 1992.
Vedlegg 6: Samandrag frå Bengt Svennerstedts rapport: Otätheter och spridning av brandgaser hos lantbruksbyggnader, Specialmeddelande 227, LBT, Sveriges Lantbruksuniversitet. 1997.
Vedlegg 7: Samandrag frå Eva von Wachenfelt og Hans Garmers rapport: Brandskydd och djurräddning i fjäderfästallar, Specialmeddelande 163, LBT, Sveriges Lantbruksuniversitet 1988.
Vedlegg 8: Utdrag frå LBKs (Lantbrukets Brandskyddskomite) perm med rekommendationer.
Vedlegg 9: Årsaker til landbruksbrannar. Data frå ulike kjelder.
Vedlegg 10: Mandat for utgreiinga.